English

Bjørnen – rundtur Kilebrekka – Bjørnen – Øverberg – rute 55B / 69

Vanylven

Kort om turen

Relativt kort tur med variert og vidt utsyn over store delar av Vanylven. Turen har flate parti på toppen av Bjørnen og langs vegen nord for Kilebrekkvatnet der det er lett å gå, men på begge sider av Bjørnen er det relativt bratte grasbakkar. Frå toppen ser ein fleire bygder, dei høgste toppane i Vanylven i aust og havet i vest.

Ruteskildring

Startpunkt frå veg til terreng er skilta både på Øverberg og på Kilebrekka. På Øverberg følgjer ein skilt mot Bjørnen og rute 55B som går vidarare til Kvistivatnet og Vassdalsbu. På Kilebrekka står det rute 69 og Bjørnen på skiltet. For å kome til startpunkta kan ein enten køyre frå Syvde gjennom Sørdalen til Øverberrg, eller frå Sylte via Syltedalen til Kilebrekka. I terrenget er turen godt merka med blå merke, og det er skilta i stikryssa. På toppen av Bjørnen er det flatt og lett terreng, medan det er bratte grasbakkar på vegen opp på begge sider av Bjørnen. Jamt over er det god og tydeleg rås (sti). 

Tilkomst og parkering

Start frå Øverberg eller Kilebrekka. Dit kan ein køyre frå Syvde eller frå Sylte. Frå Syvde tek du av ved kryss med skilt mot Saurdal og køyrer på asfalt forbi Saurdalsvatnet og til enden av dalen, og grusveg opp til Øverberg. Ein kan parkere ved skilta med rute 55B og Bjørnen rett etter den andre ferista du møter etter at du forlet asfaltvegen. Frå Sylte tek du av mot Syltedalen og køyrer dalen nesten til endes. Der er det skilta mot Kilebrekka som er høgste punktet på vegen. Der kan du parkere
Fottur
Blå
Lengde
5,11 km rundtur
Stigning
322 m
Tidsbruk
2 t. 20 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
661 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1
Sti 4

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Køyreskildring
Print ut