English

Bjørlykkehornet – Koftehornet – 4H-hytta - rundtur frå Sandnessætra – Rute 20 – 21 og 22

Vanylven

Kort om turen

Rundtur og familietur i lettgått og ope terreng med vid og god utsikt store delar av turen. Undervegs passerer ein mange små vatn. Aller best utsikt er det frå Bjørlykkehornet, der ein har vidt utsyn i mange himmelretningar. Det aller meste av turen går ein i svært lett og fast terreng. Heile turen er merka og skilta.

Ruteskildring

Turen startar frå parkeringsplassen i Sandnesdalen. Etter å ha passert Gullidvatnet går ein dalen heilt til endes på turveg til Kleiva som er det aller høgste punktet på turvegen. Der er det skilta mot Koftehornet og Bjørlykkjehornet. Ein tek ein til høgre og fylgjer ryggen mot nord. Dette er det brattaste partiet på turen. Etter kvart går ryggen over i vidare og slakare landskap og ein kjem opp til Rystallvatnet 629 m.o.h. der ein gjerne kan ta ein pustepause ved ei av 4H-hyttene. Begge desse hyttene er opne og kan brukast av turfolk. (Allereie 300 meter etter parkeringsplassen er det skilta ei alternativ kortare og brattare rute til Rystallvatnet og 4H-hyttene.) Frå 4H-hyttene går turen vidare over Vardeheida og vidare utover i lett og flatt terreng til Koftehornet 705 m.o.h. der det er flott utsikt, spesielt mot havet i vest og Lisjebøra og Storebøra i sørvest. Det lette terrenget held fram utover til Bjørlykkehornet 707 m.o.h. der det er endå betre utsikt mot øyane og havet enn det er på Koftehornet. Ei alternativ rute til Bjørlykkehornet finn du på: http://mrfylke.no/Morotur/Turar/Bjoerlykkjehornet-Rute-2

Tilkomst og parkering

For å kome til startpunktet på Sandnessætra tek ein av frå riksvegen på Sandnes. Krysset på Sandnes ligg 3,2 km sør for fergekaia på Koparneset og 3,5 km nord for riksvegkrysset på Eidså. Etter å ha teke av frå riksvegen på Sandnes køyrer ein opp til den gamle riksvegen, der tek ein til høgre og køyrer 70 meter nordover før ein svingar til venstre og opp Sandnesdalen der det er parkering. Startpunktet er skilta, det same er stikryssa, og heile ruta er godt merka.
Fottur
Blå
Lengde
9,34 km rundtur
Stigning
399 m
Tidsbruk
3 t. 20 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
701 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 9,5

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Køyreskildring
Print ut