English

Bjergane, Harøya

Ålesund

Kort om turen

På den lille toppen Bjergane får du ei flott utsikt innover mot fjella på fastlandet og utover mot havet. Stien er brei og god, kan gåast i all slags vêr og passar for heile familien, også med barnevogn. 

Det er viktig å kle seg etter ver og føreforhold. Det vert ikkje strødd eller brøyta til turmålet. Ein er sjølv ansvarleg for å vurdere føret, og om turen let seg gjennomføre. 

Ruteskildring

Turen startar ved Harøy kirke, der ein finn parkeringsplass for bil. Turstien finn ein til venstre for gravplassen. Gå ned ei lita helling og følger skiltet til Bjergane mot høgre. Heretter går stien i åpent terreng mot Bjergane. Turkasse er på toppen av den lille haugen ein får på venstre hand. Når ein når toppen på kanskje 10-20 meter kan ein nyte utsikta på benken som er satt opp.

Herifrå får ein to val; gå tilbake same veg som ein kom, eller fortsette turen vidare mot Myklebust. Ein følger då den breie stien til ein treff ein grusveg. Her kan ein ta til venstre og gå grusvegen ned til fylkesveg 210 og følge denne heile vegen tilbake til utgangspunktet. Turen blir da ein del lengre enn å følge same veg tilbake.

Om du vil kan du i staden for å gå ned til fylkesvegen halde mot høgre på grusvegen og følge denne opp til "fjellkanten" ved Breidalsaksla. Der starter ein flott grusa sti som går heilt opp til Lomstjørna og Harøyburet. 

Tilkomst og parkering

Turen startar ved gravplassen ved Harøy kirke. Her er god parkeringsplass.

For å kome seg til Harøya kan ein ta ferje frå Småge til Finnøy:https://frammr.no/ferje 

Kjem du frå Ålesund området, kan du køyre Nordøyvegen med buss eller eigen bil. Sjå https://www.frammr.no/ for kollektiv transport. Sjekk https://mrfylke.no/veg-og-kollektiv/vegprosjekt/fv.-659-nordoeyvegen/bompengar for informasjon om bompengar på Fv. 659 Nordøyvegen. 

Fottur
Grønn
Lengde
3,05 km en vei
Stigning
30 m
Tidsbruk
1 t. 35 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
20 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 3,05

Anna

Turen vart oppgradert sommaren 2015 med offisiell åpning på hausten.

Betalingsmiddel for bomvei

Autopass
Køyreskildring
Print ut