English

Berkneset rundt

Volda

Kort om turen

Flott sykkeltur i lett terreng og med lite biltrafikk. Mange fine plassar å stoppe. Ein passerer Aasentunet på denne turen. Her kan det vere verdt å gjere ein stopp. http://www.aasentunet.no/

Ruteskildring

Turen startar ved Volda omsorgssenter. Ein kan enten ta gangvegen mellom bygga eller sykle ned Gamle Engesetveg og så ta til høgre ut Gamlevegen. I krysset Gamlevegen/Nordalsvegen skal du ta vegen rette fram nedanfor nedste husrekka. Då kjem du inn på gang- og sykkelvegen langs E39. Følg denne til endes. Kryss E39 og følg vegen rett fram (Morkavegen). Vis varsemd når du kryssar E39! Du kjem inn på FV47 og skal følge denne heile vegen rundt til Hovdebygda. Ved Eiksundsambandet følger du vegen langs Ørstafjorden gjennom nokre gardstun (Sjøvegen). Når du kjem til ein bratt bakke i Hovdebygda, skal du opp denne bakken. Ta så til venstre langs Ytrehovdevegen til du kjem til Indrehovdevegen. Denne følger du forbi Aasentunet og du kjem etterkvart på gang- og sykkelveg langs E39 mot Volda. I Furene tek du vegen som går parallelt med E39 gjennom eit industriområde. Snart er du tilbake der du starta turen. Då fyl du denne tilbake til start. Turen går stort sett i flatt terreng. Det er likevel nokre bakkar, men dei er verken veldig lange eller veldig bratte.

Tilkomst og parkering

Turen er skildra med start frå Volda omsorgssenter, men det er mogleg å starte frå alle plassar i Volda sentrum eller frå stadar langs ruta. På ettermiddag og i helgar er det gode parkeringstilhøve ved Volda omsorgssenter.Mellom kl.8-16 kan det vere svært fullt her. Kanskje kan du parkere i Volda sentrum og sykle herifrå i staden? Dei fleste vil ikkje trenge bil.
Sykkeltur
Blå Landevei
Lengde
29,79 km rundtur
Stigning
277 m
Tidsbruk
4 t
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
100 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 29,8

Offentleg transport

Det går fint å starte turen både frå haldeplassen i Volda eller frå fergekaia.

Anna

På Berkneset kan det vere fint å ta ein avstikkar ned til den gamle fergekaia. Her kan det vere fint å bade, fiske eller berre ta ein lite rast.

Kart

Sunnmørsalpane
Køyreskildring
Print ut