English

Berghaugane

Aukra

Kort om turen

Bøkeskogen med sine nydelege fargar om hausten er åleine verd turen. Fuglesangen om våren likeså. Å oppleve stilla og roa i skogen med berre sus i trekronene når det bles andre stadar. Kanskje dukkar eit rådyr eller to opp på stien rett ved. I gapahuken er det bord og benkar for kvile og/eller prat med kjenningar. Kvilebenkar og flott utsyn frå Berghaugen. Startsted/sluttsted kan også vere Aukra ferjekai.

Ruteskildring

Ferge frå Hollingsholmen (rute 31). Turen starter på parkeringsplass ved Aukra kyrkje. Parker ved kyrkja eller Aukrahallen. Følg grusa sti opp til skogen, fortsett rett fram til høgste punktet. Der deler stien seg. Til venstre er gapahuken. Stien rett fram går til Berghaugane med utsiktspunkt ut mot naboøyane. I skogen er det mange stiar, prøv dei! Turen er egna også for sykkel, barnevogn og rullestol. Turen er ca. 1,2 km. Frå Berghaugen kan ein fortsette turen rundt Halingshaugen. Dette er ei fin rundløype på ca. 2,5 km.

Tilkomst og parkering

Turen starter på parkeringsplass ved Aukra kyrkje. Ferge frå Hollingsholmen (rute 31). Parker ved kyrkja eller Aukrahallen. Evt. ved ferjekaia. Ingen parkeringsavgift.
Fottur
Grønn
Lengde
1,2 km en vei
Stigning
6 m
Tidsbruk
40 min.
Høyeste punkt
43 moh

Løype på kart

Offentleg transport

Aukra Auto frå Molde til Hollingsholm og ferga over. http://www.aukra.kommune.no

Anna

Det fins minner etter 2.verdenskrig fleire stader. Påskeliljemarka ved kyrkja på vårparten
Køyreskildring
Print ut