English

Bekslehornet, rute 62

Vanylven

Kort om turen

Ein forholdsvis lettgått tur. Turen startar på Bekslesætra som ligg mellom Bekslevatnet og Juvatnet nær grensa til Sogn og Fjordane. På Beksle var det sæter-/støylsdrift i eldre tider. Det var også møteplass for folk frå Sunnmøre og Nordfjord.Bekslevatnet og Juvatnet er gode fiskevatn. Flott utsikt frå Bekslehornet. Om ein vil gå ein lenger tur er ruta mot Heida og ned til Kvilehytta eit flott alternativ.

Ruteskildring

Ruta startar frå Beksle, som ligg ved Fv 61 mellom Åheim og Bryggja/Maurstad. Frå parkeringa går ein grusveien austover. Der stigninga startar er det skilt som viser retninga. Det er godt synlig sti og ruta er godt merka. Ein går ryggen oppover og det er lett å finne fram. Eit par hundre meter før toppen kjem ein til ein stein der det er skilta vidare. Her tek ein til høgre og går rett opp mot topp-punktet.

Tilkomst og parkering

Frå krysset på Åheim, køyrer ein over brua mot Måløy på Fv 61. Parkeringa og rutestart ligg på Maurstadeidet, 7,6 km frå krysset på Åheim. Parkering og rutestart ligg på Beksle mellom Bekslevatnet og Juvatnet. Gratis og god parkering ved rutestart.
Fottur
Blå
Lengde
1,51 km en vei
Stigning
362 m
Tidsbruk
1 t. 40 min.
Høyeste punkt
598 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven.
Køyreskildring
Print ut