English

Baklisetra

Surnadal

Kort om turen

Setervollen på Baklisetra er det perfekte turmålet for den første skogsturen med ungane eller til ein kort trimtur på kveldstid. På sjølve setervollen er det enno både tufter og såpass ope at det er muleg å sjå for seg korleis det var på setra medan den var i bruk.

Ruteskildring

Ta av frå riksvegen og inn på Trøvegen, ca 200 meter frå Småøyan camping i retning Surnadal. Ta til høgre der vegen deler seg etter eit par hundre meter, og køyr forbi nokre hus og opp bakken. På toppen av bakken kan du parkere på øver- eller nersida av vegen ved fjøset som ligg på vegkanten. Rett ovafor fjøset skrår ein skogsveg seg opp lia. Følj vegen først oppover til Steinabakken. Der passerer du ein liten bekk og skrår mot høgre, utover fjorden. Følj vegen og seinare den markerte stien fram mot Baklisetra.

Tilkomst og parkering

Parkering ved Geilen, Bøverfjorden (Naustvegen 44)

Fottur
Grønn
Lengde
2,57 km en vei
Stigning
149 m
Tidsbruk
1 t. 40 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
150 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2

Offentleg transport

Det går bussar frå Nettbuss forbi krysset til Trøvegen, og det er også busstopp like ved. Det kan likevel bli ei utfordring å finne bussavgangar som passar til ein såpass kort tur.

Anna

Det er muleg å forlenge turen. Viss du fortsett forbi setra og vidare utover fjorden, kjem du til Hamnes. Du kjem ned til sjøen ved Furuneset. Her finn du ein flott bade- og campeplass.

Kart

Fjordruta
Køyreskildring
Print ut