English

Bakkehammaren

Herøy

Kort om turen

Bakkehammaren ligg rett ovapå Leikongkyrkja med flott utsikt over Leikong, Leikongvikja og mot Sunnmørsalpane. Du får også ein fin rundtur dersom du går etter ruta på kartet.

Ruteskildring

Frå parkering går du ca 100m nedover fv 61, passerer ei elv og tek til venstre opp ein traktorveg, gå traktorvegen til den gjer ein skarp sving til venstre, då tek du av beint oppover marka, råsa går då over marka og opp gjennom skogen, når du kjem oppom skogen går råsa austover, over ein steingard og fram på Bakkehammaren. På tilbaketuren går du ca 50m til du kjem til steingarden, råsa går då på nordsida av steingarden og kryssar steingarden litt lenger oppe, råsa går så sørvestover, når du kjem til eit vegskille går du til venstre og går råsa sørvestover, etter at du har kryssa to elver går råsa nedover til gamlevegen og du går gamlevegen ned til fv 61 og ned til parkeringsplassen. Alternativt kan du parkere ved Leikongkyrkja og gå ei rås som startar der og går opp gjennom skogen og kjem inn på traktorvegen rett før du skal ta av frå traktorvegen.

Tilkomst og parkering

Køyr fv 61 til Leikong kyrkje, køyr 250m oppover Leikongbakken, her er ein parkeringsplass på sørsida av vegen. Alternativt kan du parkere ved Leikongkyrkja. Parkeringsplass ved fv 61 250m sørvestfor Leikong kyrkje, alternativt parker ved Leikong kyrkje.
Fottur
Grønn
Lengde
1,97 km rundtur
Stigning
134 m
Tidsbruk
50 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
145 moh
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,5
Sti 1,3

Offentleg transport

frammr.no

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 I og II, sunnmorskart.no
Køyreskildring
Print ut