English

Bøverfjordsetra

Surnadal

Kort om turen

Bøverfjordsetra er eit flott turmål både sommar og vinter. På barmark kan du gå dit med jogge- eller fjellsko, og på vinters tid kan du bruke trugar. Den første delen av turen er ganske bratt, men det siste stykket innover til setervollen er berre småkupert og har svak stigning. Fleire av dei gamle seterbygningane står framleis på stølen.

Ruteskildring

Ta av frå riksvegen i krysset i sentrum av Bøverfjorden og køyr eit par kilometer oppover Bøverdalen. Ta av til venstre inn på ein grusveg som skrår seg vidare oppover og framover. Køyr eit par hundre meter. På venstre side går det da opp ein skogsveg. Her er det eit par parkeringsplassar der du kan sette frå deg bilen. Herifrå følgjer du skogsvegen oppover. Det er jamt bratt, men fleire plassar er det muleg å velje ein slakare, men litt lengre trase. Dersom du held deg til skogsvegen og seinare stien, endar du opp på Bøverfjordsetra.

Tilkomst og parkering

Parkering ved startpunktet der skogsvegen startar.

Fottur
Blå
Lengde
1,96 km en vei
Stigning
337 m
Tidsbruk
1 t. 50 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
373 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2

Offentleg transport

Nei

Anna

• Bæverfjord i.l. har trimpost ved Bøverfjordsetra. • Lia er såpass bratt at det verken eignar seg å gå opp eller renne ned på ski. Alternativt kan du bera skia opp til Skvetta og bruke dei derifrå.

Kart

Turkartet «Fjordruta» (1: 100 000)
Køyreskildring
Print ut