English

Aurstadsætra

Volda

Kort om turen

Aurstadsætra ligg idyllisk til, omkransa av alpine fjell. Aurstaddalen ligg omlag 500 m.o.h., er relativt flat med eit fint vatn midt i dalen

Ruteskildring

Turen startar i enden av parkeringsplassen. Du går på tydeleg og merka sti opp gjennom lauv- og granskog før det flatar ut i vel 250 meters høgde. Når du kjem bort til fossen, går stien oppover langs elva og opp til sætra. Eit idyllisk område. Omlag 450 m.o.h. passerer du eit stidele der du kan gå til Årsetsætra (N62° 05.635' E6° 17.004') og ev. ned att til Årset.

Tilkomst og parkering

Køyr E39 frå Volda mot Stryn. Like før avkøyringa til Aurstad camping er det ein parkeringsplass på øvste sida av vegen. Her kan du parkere. Turen startar i austenden av parkeringsplassen God plass til parkering der turen startar
Fottur
Blå
Lengde
4,8 km tur/retur
Stigning
455 m
Tidsbruk
2 t. 20 min.
Sesong
Høst

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 4,8

Offentleg transport

Buss mellom Volda og Stryn. Nettside: frammr.no

Kart

Sunnmørsalpane

Lenke til turskildring

Ti Turmål Volda kommune 2012
Køyreskildring
Print ut