English

Aursneset

Ulstein

Kort om turen

Denne turen går gamlevegen rundt Aursneset, i eit fantastisk flott område. Turen passar for dei fleste, inkludert dei med rullestol eller barnevogn. Passar også fint for syklande, også med barn. Ein kjempefin familietur med flott utsikt. Her går ein på grusveg heile vegen, i flott øylandskap. Ein går også forbi Aursnesvatnet, der ein også kan gå rundt om ein ynskjer. Rundløypa rundt Aursnesvatnet går på sti. Ved start på råsa til Haddalshornet og Nissevegen ved Aursnesskogen.

Ruteskildring

Turen går frå Haddal, rett ved starten av Selvågtunellen, og rundt Aursneset til Selvåg på Eiksundsida. Turen går på grusveg heile vegen, den gamle vegen frå Haddal til Eiksund før Selvågtunellen kom. Det er nokre holer i vegen, og nokre stigningar og krappe svingar. Ein følger grusvegen heile vegen, og skal ikkje ta av frå denne. Turkassa er plassert ved Aursnesskogen, ca 200 m etter siste bebyggelsen på Aursneset, på oppsida av vegen. Her startar også råsa til "Nissevegen" eller Haddalshornet, som ein også kan forlenge turen med om ein vil. Nissevegen er ei rundløype som går på sti gjennom skog og på berg, og kjem ned i Britahaugen i Eiksund, og deretter går på gangveg tilbake til start. Fin forlengelse av turen dersom ein ynskjer å gå lenger. Nissevegen passar ikkje for rullestol og barnevogn, men ein kan også gå vidare på grusveg/gangveg heilt til Eiksund om ein ynskjer det.

Tilkomst og parkering

Frå Volda/Ørsta: Køyr E39 til rundkøyringa i Furene, ta av mot Ulsteinvik og køyr gjennom Eiksundtunnellen (RV653). Like etter Selvågtunnellen tek du av til venstre, der du kan parkere. Frå Hareid/Ulsteinvik/Herøy-området: Køyr mot Volda/Ørsta (RV653) og ta av til høgre rett før Selvågtunellen. Parkeringsplass ved Selvågtunellen, på Haddalssida.
Fottur
Grønn
Lengde
3 km en vei
Stigning
24 m
Tidsbruk
1 t. 30 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
40 moh

Løype på kart

Offentleg transport

Køyreskildring
Print ut