English

Aurenakken (404 m.o.h.) frå Vikedalen

Sykkylven

Kort om turen

Aurenakken er ein lett tilgjengeleg tur med eit flott utsiktspunkt. Passar fint både som trimtur og som familietur. Ved turkassa er det ein fin samlingsplass. Om du går 50 meter vidare etter råsa kjem du ned på eit flott utkikkspunkt. Nyt det!

Ruteskildring

Turen startar ved parkeringsplassen i Vikedalen. Følg vegen rundt svingen og ta deretter av merka rås til høgre. Jamn stigning oppover dalen. Du kjem etter ei stund inn på ein anna rås - følg den til høgre mot Aurenakken. Jamn stigning i god rås som etterkvart dreiar mot venstre.Det kan vere vått på enkelte parti. Oppe på Aurenakken er det flott utsikt. Turkassa finn du ved fin samlingsplass med grue og benk. Om du følger stien vidare nedover ca.50 meter kjem du til eit flott utsiktspunkt. Det er berre å nyte utsikta!

Tilkomst og parkering

Følg RV60 frå Sykkylven mot Stranda. Når du har passert brua som går til Ikornnes, tek du av første veg mot venstre rett før ein Statoilstasjon. Ta til høgre i første kryss (inn på Kyrkjevegen) og så til venstre opp Geilevegen. Følg denne oppover dalen, deretter dreining høgre innover Vikedalen . Stopp ved stor parkering høgre side av veg. Parker her. Deretter 1minutt gange etter veg , rundt sving, ta av skrått høgre ved skogsveg Viktig at alle parkerer ved anvist plass,
Fottur
Blå
Lengde
1,61 km en vei
Stigning
307 m
Tidsbruk
1 t. 35 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
404 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,5

Offentleg transport

Det er gangavstand frå RV60 eller frå busstopp i Kyrkjevegen. Informasjon om bussruter finn du her: http://frammr.no/

Kart

Turglede Sykkylven

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut