English

Aukraskogen

Aukra

Kort om turen

Bøkeskogen med sine nydelege fargar om hausten er åleine verd turen. Fuglesangen om våren likeså. Å oppleve stilla og roa i skogen med sus i trekronene når det bles andre stadar. Kanskje dukkar eit rådyr eller to opp på stien rett ved. I gapahuken er det bord og benkar for kvile og/eller prat med kjenningar.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen er det ei grusveg ved informasjonstavla innover i skogen. Turen går på lett skogbotn eller for det meste grusa sti. Det er mange vegar og stiar ein kan velgje å gå i Aukraskogen, men for å komme til gapahuken går ein rett frem i første vegskille og til venstre i neste. Då møter ein gapahuken påhøgre side, her er Stikk UT!-post 2022, stolar og bord- fin plass å ete lunsj! Om ein følgjer stien vidare inn i skogen frå gapahuken går ein forbi ei gravrøys frå Steinalderen på venstre side. Ca. 100m etter gravrøysa kan ein følgje ein stikk veg inn i skogen på høgre side, og så følgje stien vidare til høgre i dei to neste kryssa, då kjem ein tilbake til gapahuken. Evt. kan ein ta til høgre i første kryss so til venstre ut mot Berghaugen, der er det benkar og utsikt utover havet og holmane, og Hallingshola (Stikk UT!-post 2022), dette er ein fin rundtur rundt eit vatn på grussti som slyngar seg i myrlendt terreng.

Turen kan ha mange start og sluttpunkt. Om ein kjem frå fastlandet kan ein evt. sette igjen bilen på fastlandet, ta ferga over for så å gå opp i Aukraskogen frå fergekaia. Då går ein opp vegen bak kiosken på Aukrafergekai, der går stien vidare opp i skogen. Når du kjem opp på ein grusveg, Øvre skogavegen, tek du til høgre og går fram til bebyggelsen, ei slak stigning opp til venstre og vi er i fint skogsterreng. Om du tek til venstre oppe på kneika går du i retning gapahuken, ta til høgre i neste kryss og du er ved Gapahuken.

Om våren er det ei eineståande syn når påskeliljemarka blomstrar ved Aukra kyrkje.

 

Tilkomst og parkering

Parkeringsplass ved Aukra Kyrkje. Ingen parkeringsavgift.
Fottur
Grønn
Lengde
2,92 km rundtur
Stigning
66 m
Tidsbruk
55 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
49 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Ferje Rute 31 Hollingsholmen- Aukra og buss. Sjå Framm.no for rutetider.

Lenke til turskildring

Kortreist med Romsdals Budstikke
Køyreskildring
Print ut