English

Amtlia om Solligjerdet

Surnadal

Kort om turen

Du kan gå til Amtlia i Bøverfjorden frå fleire ulike utgangspunkt. Her har vi valt steinbrotet rett ovafor Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter som startpunkt. Frå varden på toppen av Amtlia kan du sjå ned på Bøverfjordsetrene. Det er også flott utsikt både utover fjorden og innover i retning Surnadal og Trollheimen.

Ruteskildring

Køyr til Bøverfjorden og ta av oppover Bøverdalen. Eit par hundre meter etter at du har passert Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter, ligg det eit steinbrot på venstre side av vegen. Herifrå går du oppover lia etter skogsvegen. Fortsett så etter sti oppover mot Solligjerdet. Her kan du også sjå spor etter bygningane som stod her da plassen var bebygd- for fleire hundre år sidan. Fortsett opp mot Amtlia ved å følgje stien vidare forbi steinhallaren. Etter å ha gått over kammen bak Solligjerdet følgjer du den klart markerte Lauvdalen oppover til han endar. Der tek stien av oppover fjellsida. Følgj blå merking til toppen!

Tilkomst og parkering

Det er eit steinbrot eit par hundre meter etter at du har passert Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter. Når det ikkje er arbeidsaktivitet i steinbrotet, kan du parkere der. Viss ikkje er det god plass til å sette frå seg bilen ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter.

Fottur
Blå
Lengde
6,2 km tur/retur
Stigning
559 m
Tidsbruk
2 t. 50 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
507 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 4

Offentleg transport

Fleire ruter frå Nettbuss passerer sentrum i Bæverfjord. Det er muleg å gå av bussen ved tidlegare Bæverfjord samvirkelag og gå derifra.

Anna

Turen er merka med blå merke frå Solligjerdet og opp til toppen av Amtlia. Ver merksam på at merkinga kan vera vanskeleg å sjå om det er litt snø.

Kart

Turkartet «Fjordruta» (1: 100 000)
Køyreskildring
Print ut