English

Tjønnebru

Ålesund

Kort om turen

Fin tur langs grusveg, passar godt for barnevogn og familiar på tur. Akslevollvatnet ligg vakkert til rett ved vegen. Når du kjem opp på Liasetra, er det ope kulturlandskap med god utsikt mot Sykkylvsfjella.

Ruteskildring

Denne turen er skildra frå Brauta i Solnørdalen. Du startar først i ein slakk nedoverbakke, for så å halde fram i ein litt tung motbakke. Mot aust har du fjellpartiet som heiter Knippingen. Når du kjem til eit vegkryss, skal du halde fram til venstre ettersom den andre vegen går til Sjøholtsætra. Etter å ha tilbakelagt ca. 1 km, er resten av turen om lag flat. Du går langs Akslevollvatnet og i området rundt er det mange hytter. Ein svak motbakke tilseier at du er komen til Liasetra. Like forbi siste hytta er det oppført ein flott gapahuk, Liahuken. Her er det bord, benkar og bålplass. Rett etter bommen tek du av til venstre og følgjer ny skogsveg ned til vatnet. Her kan det vare ganske vått i periodar med dårleg ver. Posten finn du ved brua over elva.

Tilkomst og parkering

Frå Sjøholt sentrum følgjer du skilta veg til Solnørdalen ved Ørskog kulturhus. Du køyrer så knapt 3 km til du kjem til ein stor u-sving mot venstre. Då er du på Brauta. Stor parkeringsplass.
Fottur
Grønn
Lengde
2,78 km en vei
Stigning
97 m
Tidsbruk
1 t. 40 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
219 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 2,5
Sti 0,2

Offentleg transport

Nei

Kart

Ørskogfjellet

Betalingsmiddel for bomvei

VIPPS og kontantar, men gå helst frå parkeringa frå Brauta.
Køyreskildring
Print ut