English

Aksleskaret

Ålesund

Kort om turen

Vaksvik småbåthavn er utgangspunktet for turen. Her er det fint å bade både i elva Vaksåa og i sjøen. Det er bord og benkar ved starten. Ei flott arkitekttegna bru fører oss over elva. Turen går gjennom frodig blandingsskog og er perfekt til familietur - variert. Vi anbefaler ein kort avstikkar til Kvitneset. Her er det gode fiskeforhold.

Ruteskildring

Parker ved Småbåthavna i Vaksvika og gå brua over elva. Følg skilt til Aksleskaret. Dette er ein rundtur så turen kan gåast begge vegar, men her er turen skildra med start til høgre langs grusstien og sjøen. Stien svingar ganske fort opp gjennom skogen. Her er det gamal blandingsskog og mange spanande og rare tre. Stien har merke i trea. Etter ca 300 meter er det eit skilta stidele. Her kan du gjere ein avstikkar ned til sjøen ved Kvitneset. Gå same veg tilbake til skiltet og hald fram opp gjennom skogen mot Aksleskaret. Etterkvart får vi utsikt mot Hallvardfjellet og innover Storfjorden og fjella i Stordal. Vi kjem opp til markane ved Viset og går delvis på gamle traktorvegar. Følg med på merkinga kvar stien igjen tek av inn i skogen. Turkassa heng på eit tre med god utsikt over fjorden. Sjå den første bildet. Stien følgjer ein gamal veg over Aksleskaret før vi igjen ser over mot gardane i Vaksvika. Hald til høgre langs ein granskog og gå gjennom eit gjerde. Etter ei lita stund er stien merka med eit skilt og svingar brått til venstre. Herifrå går det raskt ned att til småbåthavna.

Tilkomst og parkering

Køyr riksveg 650 frå Sjøholt til Stordal. Ta av til høgre frå vegen i Vaksvika og køyr bratt ned til Vaksvik Småbåthavn. PS: Husa står svært nær vegen her. Pass også godt på trafikken når du skal køyre opp att på riksvegen. Held til høgre. Det er litt uoversiktleg her. Vaksvik Småbåthavn

Fottur
Blå
Lengde
1,76 km en vei
Stigning
105 m
Tidsbruk
1 t. 10 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
82 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,8

Offentleg transport

Nei

Kart

Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut