English

Aasentunet - Høgetua - Hovdevatnet

Ørsta

Kort om turen

Dette er ein lett tur bak Aasentunet i Hovdebygda. Her er eit nettverk av stiar som egnar seg både til rolege turar og treningsturar. Denne runda er ei kort runde på knapt ein time i roleg tempo. Frå Aasentunet og opp til Høgetua er det natursti. Turen er variert, du går både inni skog, langs vatnet og du har godt utsyn frå Høgetua.

Ruteskildring

Stien startar ved eit stabbur ved utescena i Aasentunet Sjå etter skilt til Høgetua. Gå opp bakken og gå til venstre når du kjem til stikryss. Følg denne stien til Høgetua. Frå Høgetua fyl du stien vidare til du kjem til eit stikryss med mange skilt. Følg skilting til Hovdevatnet. Når du kjem ned til vatnet, fyl du vasskanten til du kjem til ein sti som går opp i skogen. Her er skilta Åsen/Indrehovdeåsen. Stien går oppover i ein granskog. Etterkvart kjem du opp til ein grusveg. Gå denne omlag 200 m til du kjem til ein sti. Fyl skilting Høgetua og etterkvart kjem du til stien som går ned att til Aasentunet. Det er skilta.

Tilkomst og parkering

Mellom Ørsta og Volda på E39 tek du av til Ivar Aasentunet. Parker på parkeringsplassen ved Indrehovdevegen Ivar Aassen-tunet sin parkeringsplass ved Indrehovdevegen

Fottur
Grønn
Lengde
2,67 km rundtur
Stigning
114 m
Tidsbruk
1 t. 0 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
160 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,5

Offentleg transport

Buss mellom Volda og Ørsta http://www.frammr.mo. Det går også fint å sykle.

Kart

Sunnmørsalpane

Lenke til turskildring

Friluftsforeninga Volda - mandagstur Hovdeåsen
Køyreskildring
Print ut